Referat

05.03.2025

Forelesning 5. mars 2025. Hege Duckert, journalist og forfatter: "Katti Anker Møller: Å bestemme over livet"

Referent: Oddvar Dahl

Hege Duckert heldt eit engasjert og interessant foredrag i dag.
Kvinnene si oppgåve i Norge på den tida Katti Anker vaks opp, 1870–talet, var å fø born.

Dei gifta seg eller vart bortgifte i 19–20 årsalderen. Dei vart ofte gravide kort tid etter. Ein tre–fire månader etter fødselen vart dei gravide på nytt. Det heldt dei på med til kvinnene vart heit utslitne. Ekteskapet var ei felle som stengde kvinner inne som fødemaskinar. Prevensjon var forbode. Abort vart straffa med tre års fengsel.

Fleire kvinner arbeidde for å frigjera kvinner. Den første var Camilla Collett. I romanen «Amtmandens døttre» skreiv ho om kjærleiksekteskap og fornuftsekteskap. Ho kjempa for frigjering av kvinner lenge før det vart ein kvinnesaksorganisasjon i Norge.

Aasta Hansteen var ei anna kvinne som kjempa for kvinnefrigjering. Ho meinte at kvinner var skapt i Guds bilete. Dei var ikkje underlegne mannen. Det var feil at kvinner ikkje skulle snakka i forsamling. Det var ei feiltolking av teologane.

Ragna Nielsen var ei tredje kvinne som arbeide for kvinnesaka. Ho starta ein felles skule for jenter og gutar i 1885.
Den kvinna som foredraget i dag handla mest om, var Katti Anker Møller.

Faren var Herman Anker. Han reiste til København og studerte teologi. Her møtte han presten Grundtvig. Grundtvig var og skulemann, han starta folkehøgskulane.

Herman Anker vart begeistra for det han høyrde av Grundtvig. Tilbake i Norge starta han Sagavoll folkehøgskule i Hamar. Det var den første folkehøgskulen i Norge.

Katti ville gå på skule, men ho var for pen til det. Så pen som ho var, var det lett å finna seg ein rik mann som kunne forsørgja henne. Ho gjekk difor på ball. Ho hadde mange rundt seg som var begeistra for henne. Mora sende henne eit brev som oppfordra til å bli kjent med mange, men ho måtte halda dei på avstand. Ho skulle ikkje bli gravid.

Katti forelska seg i Kai Møller. Dei vart hemmeleg forlova. Det var dei lenge, for Katti ville ikkje gifta seg etter vigsleliturgien som sa at kvinna skulle lystre mannen.

Katti prøvde to prestar som begge nekta å sløyfe det frå liturgien. Til slutt var det prosten i Hamar som gjorde det dei bad om.

Dei budde på ein herregard. Der såg ho fleire gonger fortvilinga til gravide ugifte tenestejenter.

Katti vart opprørt av at det var skilnad på rettane til ektefødde og dei som var fødde utanfor ekteskap. Borna som var fødde utanfor ekteskap, kunne ikkje ta faren sitt etternamn. Faren trong ikkje brødfø det uekte barnet.

Saman med svogeren sin, stortingspolitikar Johan Castberg, arbeidde Katti for å betra tilhøva for einslege mødrer. I 1915 lukkast dei med å få vedtatt ei lov som sa at born fødd utanfor ekteskap har same rettar som born fødde innanfor ekteskap.

Det var ikkje uvanleg at ei tenestejente vart gravid og der huseigar var faren. Katti ville skapa ein heim der ugifte som skulle føda, kunne overnatta ei stund før fødselen. Det skulle vera jordmor til stades under fødselen, og dei nye mødrene kunne vera der ei stund etter fødselen. Katti vart første styrar på denne heimen. Det var vanskeleg å få støtte til å driva heimen. Folk meinte dei som var der var prostituerte. Vanskane løyste seg då heimen fekk støtte frå vårt nye kongepar. Dronning Maud var van med mødreheimar frå England.

Katti arbeidde for at kvinner som hadde fått abort, skulle sleppa tre års fengsel.

Vidare arbeidde ho for familieplanlegging. Ho arbeidde vidare for at kvinner skulle få statleg mødreløn. Dette var i 1919 og var forløparen for banetrygd.