Per Anders Todal

Milliardar av kroner har blitt brukt på digitaliseringa av norsk skule det siste tiåret, og somme skular kutta ut bøkene heilt. Dette vart gjort utan kunnskap om korleis skjermane påverkar læringa. I desse åra har leseevna og kunnskapsnivået til norske elevar stadig falle. Korleis kunne dette enorme eksperimentet få gå så langt før politikarane byrja å sjå skadeverknadene?
Per Anders Todal er journalist og sakprosaforfattar. Han har skrive ei lang rekke artiklar om digitaliseringa av skulen i Dag og Tid sidan 2014.