Halvor Tjøn

På 1990-talet braut den sovjetiske kommunismen saman. Boris Jeltsin - ein mann som ynskte å føra Russland i demokratisk retning - kom til makta. Men ved årsskiftet 1999/2000 peikte Jeltsin ut ein ukjent KGB-mann, Vladimir Putin, til ny president. Under Putin er Russland igjen blitt ein totalitær stat som fører krig mot grannelanda sine.

Kvifor gjekk det slik? Kvifor blei ikkje Russland etter at kommunismen fall, ein demokratisk stat på line med de aller fleste andre statane i Europa? Årsaka må ein søkja i historia. I føredraget Makta i Russland - kvifor Russland aldri vart eit demokrati, tek forfattar og historikar Halvor Tjønn oss med på ei reise i den russiske historia for å finna årsakene til den katastrofale krigen som no går føre seg i den austlege delen av Europa.

Halvor Tjønn har vore korrespondent for Aftenposten i til saman eit tiår i den tidlegare Sovjetunionen og har skrive fleire bøker om russisk historie.