Gunnstein Akselberg

Bilde: Det Norske Samlaget
Gunnstein Akselberg er fødd i juli 1949, og oppvaksen på Voss. Han er professor emeritus i nordisk språkvitskap og lingvist frå Universitetet i Bergen. Han har ei brei fagleg interesse og er mykje nytta som føredragshaldar om ulike språklege tema, både i inn- og utland. Som formidlar har han motteke fleire prisar, mellom anna både Meltzer-prisen og Christieprisen frå UiB.
Han hadde i mange år eit eige radioprogram i Radio Hordaland der han svara på spørsmål frå lyarane og ei mangeårig språkspalte i avisa «Hordaland». Frå 2017 til 2023 var han fast deltakar i TV-programmet: «Eides språksjov». Med referanse til dagens føredrag har han i mange år vore oppnemnd som styremedlem i «Jakob Sande - selskapet» og har motteke «Jakob Sandes ærespris» for innsatsen. Akselberg har ved ulike høve halde føredrag om den folkekjære diktaren frå Fjaler (Dale i Sunnfjord).
